Skip to content

Posts tagged ‘nøgne ø’

21
apr

Nøgne Ø: Sunturnbrew

Bryggeri: Nøgne Ø
Type: Sunturnbrew
Alkohol 11%
Stil: Smoked barley wine
Fra lageret mitt av Sunturnbrew

Farge: raud-tåkete og kobber
Lukt: mjuk, alkohol (på ein god måte – dette er godt), maltsødme og røyk, litt søtt og litt salt. Dette er ein øl du kan sitte og lukte på lenge!
Smak: dette er intenst! masse sødme, røyk og kompleksitet! men: den klarar det med ein god balanse mellom smakane. Ein del fruktighet og karamell, sviske? Dette er ein dele-øl!
Avslutning: lang ettersmak, dette er øl du må ta deg god tid med. Den utviklar seg og ligg som eit godt teppe i ganen.

Her må (bør) du like røyka øl og barley wine, dette er intense saker sjølv for meg som likar begge stilane. Du bør ta deg god tid vist du får denne flaska forran deg. Den ligg og utviklar seg over lang tid og gir fra seg fleire og fleire smakar ettersom den får litt meir varme på seg. Det er ein grunn til at eg har kjøpt inn 6-7 flasker av denne for lagring fram mot 2015. Kjøp!

4
nov

Nøgne Ø: God Jul

Bryggeri: Nøgne Ø
Type: God Jul 2011
Alkohol: 8.5%
Stil: American Strong Ale
Tilgjengleg på vinmonopolet

Farge: mørke-brun – nesten svart
Lukt
: vanilje, kaffi, sjokolade, lett røyk (hugsa ikkje den fra i fjor), lett hint av lakris. Behagleg søt lukt som eg kan sitte ei stund med
Smak: nam! Nøgne Ø skuffar ikkje med denne batchen heller (hmm… ingen batch nummer – eigentleg ikkje så viktig, men eg skulle likt å vist om denne hadde fått eit år på seg eller er av årets batch): røyken er klarar en i nasa, lakris, litt oljete tekstur som eigentleg berre er bra, kaffi – tenk litt søt kaffi og modna bær. Ein god del malt er det og.
Avslutning: god balanse som ligg lenge og sakte gir fra seg masse smak – absolutt ein øl for å nyte forran peisen på mørke vinter kveldar.

Dette er nok ein treff fra Nøgne Ø! Ikkje ein øl eg ville hatt til tradisjonell pinnekjøtt ( til det er den for søt ) men heller ein nyte-øl, når ein sitt og pakkar opp presangar og har litt søte kaker til dessert. Dette er eit måltid i seg sjølv! Dette er eit øl som tradisjonelt sett forsvinn raskt fra hyllene på polet, så kom deg ut og få tak i nokre flasker før det er for seint!

20
sept

Kollaborator

Nøgne Ø VS. Ægir

Ægir VS Nøgne Ø: samme bryggemåte, samme ingrediensar, ulike bryggeri og ulikt vatn – korleis kan dette gå? Ægir og Nøgne Ø slapp mandag 19.September desse to samtidig på utvalgte barar rundt omkring, eg måtte innom Håndverkerstuene etter jobb i dag og teste ut desse to opp imot kvarandre.

Bryggeri: Ægir
Type: Kollaborator
Alkohol: 8.6%
Stil: Doppelbock
Tilgjengleg på utvalgte barar

Aroma: lys sjokolade, lett malt og litt eplesyre
Smak: første som slår meg er sjokolademalt, frisk og syrleg, god fylde, ganske klare smakar – men ikkje så klart definerte som i andre Ægir brygg, litt nøtter (?? litt usikker her), mot slutten av glasset kom ein fyldig surhet
Avslutning:  litt klam avslutning i starten av glasset, når den blei litt varmare kom den seg

Eg kan like dette, men den treng god tid for å nytast.

Bryggeri: Nøgne Ø
Type: Kollaborator
Alkohol: 8.5%
Stil: Doppelbock
Tilgjengleg på utvalgte barar

Aroma: lett mørk lakris er første inntrykk, her er det kaffi-malt i motsetning til sjokolade-malt hos ægir, lite hint av sitrus, søtt, med litt varme får den litt meir karamell over seg
Smak: frisk syrlighet – så kaffi og mørk malt – er dette samme ingrediensane? søtt – hadde lurt meg om du hadde sagt det var ein porter…. enkel å drikke, noko kakao, denne er god dei første slurkane men tapte seg etter dette – blei litt masse sødme etter ei stund (meir en eit glass av dette er ikkje å anbefale), etter at den hadde fått stått og varma seg litt kom det litt svisker og mørk frukt fram.
Avslutning:  meir fylde en Ægir, litt døvande på tunga – trekk litt ned

Generelt er det masse smak på begge desse to!! Dette er øl ein må ta seg god tid med, vist ikkje vil smaksløkane gå litt overbord. For meg kom Ægir best ut av denne runda – Nøgne Ø blei litt for søt for min smak i kveld.

Ellers må eg seie at dette er ting eg håpar kan bli gjentatt! Ei slik utfordring gir innblikk i bryggeprosess og ulikhetar på tanken bak ølet når ein veit at utgangspunktet er det samme, utfordrar herved Haandbryggeriet og Kinn til neste runde!

12
apr

Nøgne Ø: Sahti

Bryggeri: Nøgne Ø
Type: Sahti
Alkohol: 11%
Smakt på Olympen i Oslo

Lukt: honning, masse sødme, lett bitter med noko sitrus
Smak: honningen fra lukta kjem over her, god bitterhet, einebær og viltsmak, sprudlande (masse små bobler), stor del bunnfall

Ein spesiell finsk type øl brygga i samarbeid med Dugges Brewery, Sverige. Brygga med Rug og Hvete, Einebær, honning fra Norge og ikkje mindre en tre forskjellege gjærtypar fra Belgia, Tyskland og UK. Masse smak i denne, veldig søt. Vil kalle dette ein fin dele-øl, ei heil flaske var nok om gangen av denne her. Spennande å smake men ikkje den store opplevinga.

12
apr

Nøgne Ø: #100 mot #500

Nøgne Ø har to spesial utgivelsar som eg måtte prøve mot kvarandre, smakt på Olympen i Oslo som har eit meget bra utvalg av mikrobryggeri på flaske og fat.
Bryggeri: Nøgne Ø
Type: Batch #100
Batch #590
Alkohol: 10%
Tilgjenglig på vinmonopolet

Lukt: fin bitterhet, tyttebær(?), syrleg, bitter sjokoloade
Smak: bitter stout, kaffi, nydeleg bitterhet, smøraktig, varme gir den litt meir fylde

 

Bryggeri: Nøgne Ø
Type: Batch #500
Batch: #569
Alkohol: 10%
Tilgjenglig på vinmonopolet

Lukt: sitrus sødme, tyttebær igjen(?), rund syrleg sødme
Smak: intens bitter, masse humle, litt karamell når den fekk litt varme på seg

 

Og vinnaren her? Tja, begge to har masse god bitterhet (#100 er 80IBU) og gir ein intens smak, har lyst på eit stort lager av begge dei to her. Men må eg velge så går eg nok no for ein #500