Hammern – Bjørnholt på sti
Eg har sykla ein del på vegen fra Hammern opp mot Bjørnholt men har aldri gått stien opp dit. Onsdag etter jobb tok eg ein tur for å sjå korleis denne vegen såg ut.Turen opp gikk på sti og ned på vegen(pga ein buss eg ville rekke). Totalt 17km og bortimot 4 timar opp og ned. Ein flott sti, men fortsatt ein del snø/is/gjørme i litt høgare strøk, absolutt ein fin tur å ta istadenfor vegen oppover!
Opptegna rute på google maps.

Vegkryss på Kamphaug - her har du litt å velge mellom både på vinter og sommar, men fortsett mot Bjørnholt
Nordmarka: Skar – Smalstrømmen – Hammern
Litt over ei veke sidan vi gikk denne turen, men her er bildeserie fra Søndagsturen 8.April 2012. Det er ein god tur på 21-22km totalt, ikkje veldig harde bakkar, men jamnt og fint terreng inn til Helgeren. Fekk prøvd flugestanga for første gang denne sesongen, ikkje det at eg fekk noko, men det var oppe ein del fisk litt uti råka (var berre altfor langt ute).
Rute: Skar - Liggern – Helgerenhøgda – Helgeren – Smalstrømmen – Bjørnholt – Hammern. Sjekk opptegna rute på dette kartet.
Øyungen i november
November tur til Øyungen med flugestanga forrige helg – ein del fisk som var oppe og tok tørt, vindstille og ei flott tåke i skogen. Håpar dette være held seg ei stund!







































