Amundsen bryggeri
Amundsen bryggeri har vore opne ei lita stund no, men det var først i dag kl 15.00 at deira første eigenproduserte øl kom på fat: VM-Ale.
Bryggeri: Amundsen Bryggeri
Type: VM-Ale
Alkohol: Ukjent
Filtrert: Ukjent (men ser ikkje slik ut)
Pasteurisert: Ukjent
Denne startar med ei lys honning lukt som blir komplementert av lett humle. På smak er første inntrykk lys sprudlete. Den har ein behagleg slutt, men den blir kanskje litt for anonym – meir drikkeøl ein varm sommardag det her. Litt lite bitterhet, men har ein frisk smak av syrlege sitron drops når ølet blir litt varmare. Med varmen kom og ein betre balansert humle på smak.
Ein grei Ale som ikkje gir dei store utfordringane når det gjeld smak, men for første batch er dette bra. Med 3 brygghus opna i Oslo dei siste 6mnd ser eg fram til kva Amundsen kan produsere, eg håpar berre at dei klarar å vente lenge nok før dei serverar ølet sitt (noko Schouskjelleren har slitt litt med).
Når det gjeld sjølve lokalet ser det greit ut, ein ikkje-noko-utanom-det-vanlege interiør, men dette går raskt i gløymeboka når ein ser 20+ tappekraner for øl (pluss gjeste-tårn) og ein rikholdig ølmeny på flaske (masse bra Belgisk ser det ut til). Når dei i tillegg reklamerar for «ølkjellar«:
Ølkjelleren er vår stolthet. Her lagres årgangsøl, sære øl og rariteter, kjente som ukjente øl, fra inn- og utland.
så er det klart at Amundsen satsar på Øl og at dette kan bli ein meget bra plass for mikrobryggeri og kvalitetsøl framover, eg skal iallefall tilbake! (og da skal eg prøve menyen deira som og såg fristande ut)
Heimebrygga IPA
Ein dag på jobben før jul kom det ein kollega snikande med ei brun flaske som hadde påskrifta «IPA» på korken. Denne var da laga av svigerfar til vedkommande og har no stått og godgjort seg ei stund mens eg har venta på den riktige kvelden.
Bryggeri: Ukjent
Type: IPA
Alkohol: Ukjent
Filtrert: Ukjent (men: nei)
Pasteurisert: Ukjent (men: nei)
Lukt: god humle, syrleg med eit godt sitrus preg over seg. Smak: frisk, smaka mørke brunt (!?!), lett sitrus på leppa, rund humle, masse sødme, fin bitterhet på sida av tunga.
Ein veldig lett å drikke IPA som eg nok ikkje får smakt igjen, men som passa fint til den kokte torsken eg hadde til middag etter den første smakerunda.
Atna – stabbursøl
Bryggeri: Atna
Type: Stabburøl
Alkohol: 4.7%
Filtrert: Nei
Pasteurisert: Nei
Dette ølet skal ha «spor av villmark» i seg ifølge flaska. Lukt: Syrlig, lett honning. Smak: noko krydder, lett syrlige smak som kjem gjennom fra lukta, litt tørr mot slutten, syrleg humle, frisk, absolutt eit sommarøl.
Ikkje eit dumt øl, har masse smak, men står ikkje fram som eit øl eg vil drikke masse av eller anbefale til absolutt alle.
Torsdags øl

bilde fra schouskjelleren gruppa på facebook
Torsdag og ei runde på Løkka med ein kamerat på besøk fra Australia resulterte i følgande nye øl på Schouskjelleren:
Big Trouble Ale, 5%: bitter humle, honning, litt flat, drikke-øl ikkje nyte-øl.
Empress of India, 6.1%: veldig bitter, litt brewdog over det, lett, citrus, litt honning-humle
Begge to er greie sitte-inne-ein-vinterkveld-og-drikke øl, ikkje den store opplevinga (ikkje som #10), kjennest ut som at dei tar ølet litt for tidleg, skulle absolutt ha få stått og godgjort seg ei stund til.
Juleøl og nytt mikrobryggeri
Det er Juleøl sesong igjen: vinter ute, mørkt og kaldt…. For nokre år sidan var juleøl for meg Hansa og Ringnes fra polet, ikkje noko meir. Etter at eg fekk smakt på ein del mikrobryggeri har dette endra seg litt: no om dagen går det mest i norske småprodusentar til jul. Det som er spennande med mikrobryggeria er at det gjerne blir batch forskjellar fra år til år – dei store produsentane blir som regel veldig like fra år til år.
Vist du ikkje har fått din dose med godt øl i år: ta deg ein tur til det lokale vinmonopolet og plukk ut eit par flasker. For meg blir det dei følgande typane i år:
Ægir: Julebrygg
Nøgne Ø: God Jul
Nøgne Ø: Underlig Jul
Haandbryggeriet: Bestefar
I tillegg har eg fått tak i ei flaske av BrewDog sin «Santa Paws» som eg skal nyte i romjula. Eg har planar om ei parallell smaking av alle desse og kjem tilbake med smaksnotatar i romjula.
Knut Albert (som skriv masse bra om øl – følg med på bloggen) rapporterar at det er planar om eit nytt mikrobryggeri i Oslo. Denne gangen skal det vistnok være i Høyres Hus, men, rapporten seier at dei høgst sansynleg ikkje kjem til å produsere øl når dei opnar. Håpar dette ikkje er den nye trenden: grunerløkka brygghus er og eit «mikrobryggeri», men produserar ikkje øl enda og eg har ikkje sett nokon ting om når dette skal skje. Håpar trenden ikkje blir at ein kan kalle seg mikrobryggeri så lenge ein sett ut produksjonen av øl til ein av dei gode produsentane (Nøgne Ø, Haandbryggeriet etc.). Men det er veldig godt å sjå at det er fokus på godt øl om dagen (grunerløkka brygghus har masse godsaker inne!).

