Kinn: Vestkyst
Bryggeri: Kinn
Type: Vestkyst
Alkohol: 7.0%
Stil: Indian Pale Ale
Tilgjengleg på vinmonopolet 105,-/75cl
Lukt: karamell humle, sitrus, litt grapefrukt etter ei stund, lett sødme, luktar fersk
Smak: god malt, lett krema sur-ish med masse humle! syrleg-frisk smak
Avslutning: lang bitter humle avslutning
Nok eit godkjent produkt fra Kinn, ville kanskje valgt Bøvelen over denne, men eg likar ein god IPA så eg må nok anbefale denne og! Veldig masse sediment på denne flaska, så pass på slutten av flaska! Behagleg øl å berre nyte, er meir «kompleks» en andre IPA fra norge – Nøgne Ø/Haandbryggeriet/Ægir sine IPA er reinare i smak og ikkje så røff i kantane som denne.
Samuel Smith: Taddy Porter
Bryggeri: Samuel Smith
Type: Taddy Porter
Alkohol: 5.0%
Stil: Porter
Tilgjengleg på vinmonopolet
Lukt: kaffi og kakao slår inn først, søt-syrleg kirsebær ligg langt bak – litt fløyel over lukta
Smak: mørk sur-kaffi-sjokolade-med-eit-hint-av-kirsebær og mørke (skogs)bær. Malt, fin malt. Kanskje litt nøtter innimellom. Sødmen som ligg her er litt i overkant til tider – den stikk gjennom.
Avslutning: lang kaffi ettersmak som blir liggande ei god stund
Ein ok porter, men eg har smakt dei så mykje betre før. Dette blir med å ha smakt den. I motsetning til Ægir Natt treng den her noko å bli smakt til, ikkje for seg sjølv. Mulig at den blir betre da, men fram til da kan eg ikkje anbefale den her.
Kinn: Bøvelen
Bryggeri: Kinn
Type: Bøvelen
Alkohol: 9.5%
Brygg: #61
Stil: Abbey Tripel
Tilgjengleg på vinmonopolet 109.90,-/75cl
Lukt: lett gjær, sitrus tonar, fruktige tonar og noko lett krydder over den, banan
Smak: karamell hint, epler (syrlege), gjær kjem etter første fruktige treffet i ganen, sødme kjem fram etter ei stund i glasset – må være varmen som får det fram, dette gjeld og eit hint av grapefrukt. Litt tørka frukt kjem fram sammen med eit hint av banan.
Avslutning: den gjer ikkje så masse av seg men den ligg og slappar av ganske lenge i munnen, alkoholen kjem fram – det er ein ganske heftig prosent på denne. Ein del malt karakter.
Flott gyllen farge med eit flott skum som ligg lenge. Fra å være eit så ungt bryggeri er dette ein tripel som eg kan sette pris på, den kjennest litt uferdig ut til tider – kunne tenkt meg å ha prøvd denne med eit par år i kjellaren ( kan lagrast fram til 2016 ). Eg er veldig glad i ein Tripel, og det her er på veg mot noko som kan bli veldig godt, den er nesten der….. Gledar meg til å sjå framtidige utgaver av denne.
Avslutningsvis: her er alle flaskene fra Kinn eg har ståande klar for smaking, har ein forferdeleg jobb forran meg ja……
Ægir Påskesol
Bryggeri: Ægir
Type: Påskesol
Alkohol: 4.7%
Stil: Dortmunder/Helles
Kjøpt på Meny Grønland i Oslo
Lukt: lys og lett, sitrus tonar, syrleg gjær? lys malt
Smak: banan, sitrus, litt bitterhet over seg som er ok, grei humlesmak.
Avslutning: grei malt som ligg ei stund, mjuk tørrhet som ikkje kjem heilt opp i smaksregisteret men er behagleg å forholde seg til.
Litt sein med å smake denne, men eg fant den plutseleg på Meny så eg måtte ta ein smak. Ikkje så distinkt og rein i smakane som andre brygg fra Ægir, ein grei øl for påskeveggen eller soldag.
Herslev Brygghus Hvedeøl
Bryggeri: Herslev Bryghus
Type: Hvedeøl
Alkohol: 5.6%
Stil: Hefeweizen
Tilgjengleg på vinmonopolet sitt bestillingsutval
Lukt: lett sitrus og banan,
Smak: syrleg og fuktig, veldig våt (!?!) øl, kanskje litt masse kolsyre? litt maltpreg, trur eg vil prøve denne i sola og ikkje innandørs ein sein kveld
Avslutning: mjuk tørrhet med banan og lett krydder som ligg ei stund for så å bli litt sur
Ikkje heilt solgt på denne, men mulig at den kan komme seg ein varm sommardag.



