Skip to content

Posts tagged ‘porter’

21
mai

Samuel Smith: Taddy Porter

Bryggeri: Samuel Smith
Type: Taddy Porter
Alkohol: 5.0%
Stil: Porter
Tilgjengleg på vinmonopolet

Lukt: kaffi og kakao slår inn først, søt-syrleg kirsebær ligg langt bak – litt fløyel over lukta
Smak: mørk sur-kaffi-sjokolade-med-eit-hint-av-kirsebær og mørke (skogs)bær. Malt, fin malt. Kanskje litt nøtter innimellom. Sødmen som ligg her er litt i overkant til tider – den stikk gjennom.
Avslutning: lang kaffi ettersmak som blir liggande ei god stund

Ein ok porter, men eg har smakt dei så mykje betre før. Dette blir med å ha smakt den. I motsetning til Ægir Natt treng den her noko å bli smakt til, ikkje for seg sjølv. Mulig at den blir betre da, men fram til da kan eg ikkje anbefale den her.

20
mar

Ægir – natt

 

Ægir - Natt

Bryggeri: Ægir
Type: Natt – Imperial Porter
Alkohol: 11%
Tilgjengleg på vinmonopolet, 109.90,-/50cl

Lukt: mørk god malt, det her er svart natt, kaffi og sjokolade hint, litt lakris
Smak: kaffi, mørk lilla fløyel i munnen, djup maltsødme, mørke svisker, mørk sjokolade, sjølv om denne ser og smakar ganske tungt er den overraskande frisk

Ægir er eit av mine favoritt bryggeri i Noreg og eg fekk sjansen til å prøve denne på Håndverkerstuene – eit øl for haust/vinter, gjerne med ein mørk sjokolade eller litt tung/mørke frukt attmed. Du bør sette pris på ein tung porter for å kunne få maks ut av denne flaska, i tillegg er den på 11% men utan at alkoholsmaken er for framtredane, for meg så er dette neste full pott: 94/100 poeng.

Første gang eg såg denne flaska var på Grunerløkka brygghus, men dei skulle ha 229,- for flaska og det er over dobbel polpris – alt for dyrt spør du meg, men på Håndverkerstuene var denne prisa til sympatiske 125,- pass på kvar du bestiller denne flaska!