Skip to content

Posts tagged ‘schouskjelleren’

21
okt

Schouskjelleren: Albale

Bryggeri: Schouskjelleren
Type: Albale
Alkohol: 6.3%
Stil: Scottish Ale
Tilgjengleg på Schouskjelleren i Oslo

Aroma: søt malt – litt grumsete i lukta, hint av bær og karamell
Smak: grumsete malt igjen, masse tilstedeværelse, litt sitrus, litt gjærete smak – ikkje 100% den her, litt karamell kjem gjennom når den blir litt varmare, rundare sødme
Avslutning:  grapefrukt & gjær

Denne er betre på lukt en smak og kjem seg absolutt med litt varme – blir fyldigare. Den er litt grumsete og uferdig, ikkje noko eg absolutt må prøve igjen når eg er på schouskjelleren.

4
mai

Hornbeer Cranberry Bastard

Bryggeri:  Hornbeer
Type: Oak Aged Cranberry Bastard
Alkohol: 8%
Stil: Fruktøl
Smakt fra fat på Schouskjelleren

Lukt: syrlege, noko som ikkje heilt stemmer, klarte ikkje heilt å ta denne
Smak: Lett røyksmak, tranebær – ingen tvil om det, med eikefat slengt på. Grov på tunga, lett søt-syrleg, lang tørr avslutning,

Tranebær øl fra Danmark, det her er ein kuriositet å smake for å utfordre konseptet med vanleg øl. Kan anbefalast å prøve for å ha gjort det, men ikkje ein type som overbevisar min smak.

14
jan

Torsdags øl

bilde fra schouskjelleren gruppa på facebook

Torsdag og ei runde på Løkka med ein kamerat på besøk fra Australia resulterte i følgande nye øl på Schouskjelleren:

Big Trouble Ale, 5%: bitter humle, honning, litt flat, drikke-øl ikkje nyte-øl.
Empress of India, 6.1%: veldig bitter, litt brewdog over det, lett, citrus, litt honning-humle

Begge to er greie sitte-inne-ein-vinterkveld-og-drikke øl, ikkje den store opplevinga (ikkje som #10), kjennest ut som at dei tar ølet litt for tidleg, skulle absolutt ha få stått og godgjort seg ei stund til.