Skip to content

Posts tagged ‘sommar’

13
nov

Mumillom

7
mai

7/365

Bilde i bilde

29
nov

innvik

Kulturbåten Innvik var ein av dei første plassane eg såg teater når den for mangen år sidan gikk i trafikk i Nordfjord der eg voks opp. (Innvik er forresten ei flott bygd i Nordfjord). Eg hugsar fortsatt følelsen av å gå ombord denne båten og inn i den mørke hula som var teatersalen.

Etter at eg flytta til Oslo fekk eg derimot eit heilt anna syn på denne spesielle båten: ankra opp rett utanfor Operaen i Oslo (og dermed også rett ved kontoret mitt) blei Innvik fort ein plass for fredagspils og late helgar i solsteiken. Det blei rett og slett ein del turar hit, både med vennar og selskapet eg jobbar i, men: i haust såg vi at Innvik blei solgt pga. stadig inskjerpa forhold til å drifte båten i. Spør du meg så er det eit stort tap for kulturlivet i Oslo at denne båten blei solgt og fjerna fra kaia!

Men: eg fekk meg ein nydeleg dag på kaia rett før Innvik forsvant og tok ei rekke bilder av båten i eit fantastisk haustvær! Eg har  no lagt opp nokre av desse på «Oslo galleriet» mitt.