Skip to content

Posts tagged ‘stout’

15
jul

Brew Dog: Rip Tide

Bryggeri: Brew Dog
Type: Rip Tide
Alkohol: 8.0%
Stil: Stout
Tilgjengleg på vinmonopolet

Lukt: søt rund kaffi, ligg som eit fløyels teppe, det her er nam!
Smak: kaffi, kakao, alt eg forventar fra ein god stout, enkel å forholde seg til,
Avslutning: tjukk kaffi/tjære smak som blir liggande i lang tid

Det her er godsaker, Brew Dog er godt kjent for sine humle-intense øl typar, men det her er fløyel og kaffi, ordentlig snop – må kjøpe denne til neste gang vi skal ha sjokolade dessert

24
jan

Ølsmaking på håndverkerstuene

I kveld var det ølsmaking på Håndverkerstuene (facebook) i Oslo, og Amund tok vel 20stk gjennom ei smaking på 7 forskjellege sortar øl. Håndverkerstuene har blitt ein meget bra plass for kvalitetsøl midt i Oslo sentrum og har eit rikt utvalg av gode sortar både på fat og flaske, i tillegg har dei kvalifiserte folk bak baren og eit meget bra kjøkken. Ein plass eg ikkje er på for ofte no om dagen, eg må ta turen innom her oftare.

Denne kvelden derimot var det ein introduksjon til forskjellege øltypar som stod på menyen og Amund hadde valgt ut 7 forskjellege typar som absolutt syner bredda til kva øl kan være. Kvelden starta med ein introduksjon til kva øl er og korleis produksjonen foregår for deretter å gå gjennom typane som eg har beskrive litt nærmare under her.

Dette er typen introduksjons-kveldar som ein bør delta på vist ein ikkje har for stor erfaring når det gjeld øl og ønsker å lære meir – sleng deg med neste gang dette blir arrangert: Håndverkerstuene har epostliste der du kan få meir informasjon om desse kveldane på. For ein relativt rimleg penge kan du få smakt eit godt utvalg av forskjelleg øl, ein introduksjon av kyndige folk og ikkje minst ein flott diskusjon med andre øl interesserte mennesker.

 

Pilsner Urquel (Tsjekkia)

Lukt: lyst/lett bygg (tørr), lett sødme

Smak: tørr/bitter finish, fyldig bitter, god humle smak, startar veldig søtt i forhold til finishen

Ein pilsner for sommarkveldar som eit meget godt alternativ til standard pilsner som du får på butikken. Heimeside

 

Schneider Weisse Tap4 (Tyskland)

Lukt: lett syrleg, grønne epler(!), ananas, tropiske frukter

Smak: Banan(!!), søt-syrleg, sommarøl med ein flott tørrhet i finishen

Nok ein øl for sommarkveldar – kan bli litt klissete vist du ikkje taklar banan smaken. Heimeside

 

Ægir IP (Noreg)

Lukt: såpe (dog: god såpe), lys god humle

Smak: reine klare smakar, mjuk humle, lett sitrus, skummar lett i munnen

Grunnen til at eg reiste til Flåm i fjor sommar for å besøke Ægir: ein flott IPA. Heimeside

 

Nøgne Ø Two Captains (Noreg)

Lukt: syrleg, lukta litt for lite eigentleg

Smak: nydeleg bitterhet, tørr god humle, litt harsk bitterhet i finishen

Ein flott double IPA, men hadde nok vore betre fersk, dette var batch #505 fra 19. mai 2010. Heimeside

 

Malheur Brut (Belgia)

Lukt: aprikos, honning-sødme

Smak: masse bobler(!), løyser seg opp i munnen, godt balansert

Alternativ til aperitif eller nyttårsboblene?

 

Cantillion Geuze (Belgia)

Lukt: salt spekemat (geit/sau), syrleg

Smak: syrleg(sitrondrops), rabarbara, godt balansert

Den her kan lagrast fram til 2030, trur eg skal få meg nokre flasker og smake korleis den utviklar seg framover. Heimeside

 

Oscar Blues Ten fidy (USA)

Lukt: lakris, espresso, vanilje

Smak: veldig søt, dessertøl, brent havre(?), litt kvalmande etter ei stund

Kanskje servert sammen med ein søt dessert? Heimside