KHK Tattoo utstilling
KHK Oslo arrangerar «The art of Tattoo» fra 16-30 juni med maleri/foto/grafikk/tegning av eit utvalg tattoverings artistar. Absolutt ei utstilling eg skal få med meg neste veke!
sci-fi utstilling
Museet for samtidskunst ligg sentralt til i Oslo, og nært jobben, men eg har aldri funne vegen innom før denne utstilling har komt på plass: «Take Me To Your Leader! The Great Escape Into Space»
Denne utstillinga viser korleis kunstfeltet og science fiction-sjangren vekselvis har inspirert og påverka kvarandre. Ser ein bortanfor mutantar, utenomjordiske vesen, romskip og tidsreiser, kjem ein til eit grunnleggjande spørsmål for både kunst og science fiction: Kva er eit menneske?
Utstillinga har bla (originale) konsept skisser fra «A trip to the moon«, «Metropolis» og «Barbarella» som i seg sjølv gjer besøket verdt ein tur. Den har eit stort utval flotte bilder, videoar, installasjonar etc. som gjer dette til eit obligatorisk besøk vist du er interessert i sci-fi (eller film generelt). Få spesielt med deg «Sci-fi VS fantasy», Alien bildet, dei fornevnte konsept skissene, og til slutt: stil deg heilt nærme den svarte monolitten som står midt i lokalet, sjå opp og nynn musikken fra 2001 stille til deg sjølv! Ei flott oppleving!
Bilder fra monteringa av utstillinga er å finne på flickr.
